Anne Knutsdotter

Eg heiter Anne Knutsdotter, Kari er mi mor
og Truls han er min bror.
Vi bur oppå ein plass, der som ingen skulle tru
at nokon kunne bu.

Ja, plassen ligg så høgt, høgt oppe i ei ur,
tett under bergemur.
Og det er ikkje meir enn at vi på simpel vis
kan fø to kyr og ein gris.

Og kyrne heiter Dagros, Fagros, gamle Fagros,
Og grisen heiter Giss, Giss, Giss.
Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen.
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.

Og vinteren kan jamt ikkje vera oss for god
med frost og fokk og snjo.
Då kan det ofte over dei fjorten dagar gå
som vi ikkje folk får sjå.

Om sommar’n er det moro å gå og sanke bær
i munn og neverkopp.
På stovetaket veks det to unge heggekjerr,
som geita eter opp.

Og geita heiter Snøgga, Stygga, Lurverygga,
og høna heiter Tipp, Tipp, Tipp.
Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen.
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.

Og far min han er kramkar, han strevar trottug nok
og fær så vidt omkring.
Ho mor, ho steller huset, eg spinner på min rokk,
men han Truls gjer ingen ting.

Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen.
Steinrøys, Steinrøys, Sveltihel.

Utgivelsesår: 1989

Medvirkende
StudioJack Clement Studio (Cowboy Arms Hotel & Recording Spa), Nashville, og Slager studios våren 1989
ProdusenterJim Rooney, Jonas Fjeld og Øystein Sunde
TeknikereRich Adler (Nashville) og Per Sveinson (Norge)
DobroJerry Douglas
BanjoBela Fleck
Fele Og MandolinMark O’Connor
TrommerKenny Malone
HardingfeleEinar Mjølsnes
RytmegitarJonas Fjeld
GitarerØystein Sunde
SangKirsten Bråten Berg